søndag 27. desember 2009

Då var det gjort, skogane er fulle av laussnø. Takk.


Posted by Picasa

søndag 20. desember 2009

Vakker vinter

Så mykje snø på kaldt ver er ikkje vanleg i desse stroka, dette bør brukast før snøen bles vekk og veggimellom.
God tur, men pass på i bratte heng, det er langt ifrå alt snøterreng som er trygt for menneskeslekta om dagen.

fredag 18. desember 2009

No er det nokre dagar sidan vi fann denne snøen, men han ligg der oppe og ventar ein stad, det er berre å vere litt lurare enn vinden. Orsak det ukristelege språket no rett før jul.

Førjulsmoro med ukristeleg språk from Bjørnar Bjørhusdal on Vimeo.







Posted by Picasa

Førjulsmoro


Sjølv om føret i nederste del av skogen let vente på seg er det likevel mogeleg å finne laussnøen i fjellet. Bak austaveret er det mykje bra føre, om det er beskytta i smådalar aller best. Det er ikkje superstabil snø, her i Jostedalen finn vi mykje sketchy skredsnø om dagen, og med denne kulden har vi nok ein rimeleg vedvarande skredfare. Kulden kan og føre til aukande skredfare der snødekket er tynt. Pass på både nordsider og austsider. Om ein berre vert immobilisert etter ein kort rutsjetur er det seriøst i minus 20, for ikkje å snakke om verre scenario. Men det er flott i fjellet- God juletur!