fredag 21. desember 2012

God Jul til vinterNoreg


FimbulJostedal ynskjer alle ei god jul og håpar alle får så mykje eller lite snø dei vil ha!


Til lags åt alle kan ingen gjere, men snøen ligg i alle høve kvit over det meste av Noreg no. At snømengda er rimeleg konstant men ulikt fordelt over landet frå år til år er vel ein dryg påstand, men det er no som regel slik at snø på austlandet tyder mindre enn normalt her. Vi greier oss likevel godt som de ser på bileta frå Buskrednosi for to dagar sidan. Indre Sogn har omlag 70% av normalen i fjellet, men omlag like mykje som der det er mest i landet...


Snørapporten frå Jostedalen er; lite snø nede idalen, men godt med snø i fjellet. Det fører til at vi kan køyre til over 700moh i Vanndalen, og til Vigdalstølen. Skogane er det førebels lite snø i, og derfor er det bra å ha desse bomvegane i bakhand! Føret er godt med ein svært solid såle. Halleluja-pudderrapportane håpar vi å komme med over nyåret, men det er ein austleg trend i været også på langtidsvarselet. Det er likevel meldt omlag ein halv meter på 10-dagarsvarselet. På biletet under ser de Vangsen si solside.

Skredmessig er det grunn til å rope varsku, svake lag har bygd seg i snødekket, kollaps og lydar i snøen når ein går er sikre teikn på det. Pass på over 30grader bratt, med andre ord. Spesielt gjeld dette med værvarsel om snø og vind i jula. Snødekket tåler lite no, og treng eit mildvær for å "tilbakestillast til null."

Vi ventar på nysnø, i ventetida er det berre å gå på ski!